Skyttarlag og Frifond barn og unge

Det Frivillige Skyttervesenet (DFS) vil i 2010 søke om midlar frå Frifond organisasjon. Dette betyr at lokallag i DFS ikkje lenger kan søke om midlar frå Frifond barn og unge.

Ein overgang til Frifond organisasjon inneberer at sentralleddet i DFS søker om Frifondmidlar på vegne av sine lokallag, og fordelar så sjølv desse ut til lokallaga. I retningslinjene til Frifond barn og unge heiter det at lag, foreiningar eller grupper som er knytt til ein organisasjon som sjølv får, eller har ein barne- og ungdomsorganisasjon som får støtte frå Frifond organisasjon, ikkje har rett på støtte frå Frifond barn og unge. Søknadar frå skyttarlag til Frifond barn og unge mottatt etter 1. januar 2010 vil derfor få avslag. 

Lokallag i DFS som har spørsmål om Frifondmidlar kan kontakte sentralleddet i DFS.