Fetenfestivalen 2012

Fetenfestivalen 2012 blei arrangert på garden Mofeten, 4 km vest for Geilo sentrum, ved kulturminneområdet Fekjo. Bak festivalen står ei gruppe på fem lokale unge i alderen 23-25. Til gjennomføringa av festivalen samarbeidar dei med lokale vidaregåande skular for å rekruttere frivillige.

Festivalen vil fremje lokale kulturuttrykk, i tillegg til å vere ein arena for uetablerte og etablerte fagfolk innan kreative yrker. Ved å tilby moderne kulturuttrykk ynskjer Fetenfestivalen å medverke til å gjere Geilo eit attraktivt område for ungdom og unge vaksne. Målsettinga er "å skape en uformell atmosfære omkring et kulturarrangement av høy kvalitet som fenger et bredt publikum."

Festivalen fekk 25 000 kr. frå Frifond barn og unge. Støtten gjekk til leige av scene, lyd og lys, marknadsføring og servering til frivillige. Fetenfestivalen lokkar med festival også i 2013, følg med på festivalen si Facebook-side