Animert kunst!

Animation Volda er ein animasjonsfestival som blir arrangert kvar haust i Volda, Møre og Romsdal. I år fekk Animation Volda støtte frå Frifond til å arrangere eigen barnedag, der barn i lokalmiljøet fekk eit crashkurs i animasjon, og fekk sjølve laga figurar og filmar. Klikk på bildet for å sjå vignetten.

Høgskulen i Volda har eigen linje for animasjon, og det er studentane der som står bak festivalen. Sjekk ut Animation Volda si Facebook-side for meir informasjon!