Frifond film og TV nedlagt frå 2010

I desember 2009 valde styret i LNU å legge ned ordningane Frifond film og TV. Ordningane var ikkje meint å vere varige prosjekt, men mellombelse satsingsområde innan Frifond barn og unge. Pengane som har blitt delt ut gjennom Frifond film og TV har vore restmidlar som har blitt akkumulert frå Frifond barn og unge. Frifond barn og unge deler no ut så mykje årleg at restmidlane er redusert til eit minimum.
 
Med bakgrunn i dette vedtok styret å avvikle ordninga. Barn og ungdom kan framleis søke om maksimalt 25 000 kroner i støtte til film- og TV-aktivitet gjennom Frifond barn og unge.
 
2,9 millionar kroner blei delt ut gjennom Frifond film og TV i 2009. Ordninga mottok totalt 158 søknadar, og 61 prosjekt fekk innvilga støtte. LNU ynskjer å takke alle søkarar for engasjementet som har vore rundt ordninga, og håper at de vil fortsette å bruke Frifond til både filmprosjekt og andre prosjekt i framtida også.