Nye retningslinjer Frifond barn og unge

Styret i LNU vedtok 9. desember nye retningslinjer for Frifond barn og unge. Det er ingen store endringar i dei nye retningslinjene, dei viktigaste endringane er: 

  • Språklege endringar for å gjere retningslinjene meir lesevennlege
  • Samvirke og andelslag er lagt til under grupper som ikkje er støtteberettiga, fordi desse ikkje er organisert etter demokratiske prinsipp
  • Det er lagt til at utstyr og tenester normalt ikkje skal leigast eller kjøpast av privatpersonar, med mindre dette er avklart med Frifond på førehand
  • Det er lagt til ei formulering om at saksbehandlar skjønsmessig kan gjere kutt i totalbudsjett og/eller enkeltpostar der desse er urimeleg høge
  • I formuleringa om at ei søkargruppe ikkje kan kjøpe varer eller tenester frå firma som deltakarane i gruppa eller deira næraste er involvert i, er organisasjon lagt til ved sidan av firma

Velkomen som Frifondsøkar i 2012!